Norsk English

Julefest på Storeteigen

Storeteigen

16.12.2011 17:00

Fredag 16. september kl 17 er det julefest på Kvam bygdemuseum. Storeteigen er pynta til jul med lykter, juletre, granbar og heimelaga julepynt. Det er varmt i alle hus og fyr i baksteomnen.

Det er Kvam herad og Hardanger og Voss Museum som i samarbeid med lokale lag og foreiningar ynskjer store og små velkomen til julefest på Storeteigen. Me byr på eit variert program med pepparkakeverkstad, vaflar, julegløgg og ljosstøyping. Nissen kjem på vitjing, og kanhende har han med seg gåver til borna. Det vert gange rundt juletreet og juleforteljingar for borna, og høve å få seg ein køyretur med hest og vogn.

Gratis inngang!

Arrangementet er støtta av Kvam herad, Dnb, Øystese Næringslag og Essoen i Øystese.