Norsk English

Hardingfele-konsert i Borgstova

Borgstova på Vikøy prestegard

27.11.2014 20:00

Torsdag 27. november kl 20 vert det konsert med felespelar Frank Henrik Rolland i den segnomsuste Borgstova i Vikøy.

Frank Henrik Rolland frå Ulvik er av landets fremste felespelarar, og vann i oktober Vestlandskappleiken. Han har gjeve ut fleire cd-innspelingar både solo og saman med Knut Hamre og Åse Teigland. Rolland arbeider til dagleg som fylkesmusikar i Hordaland med konsertverksemd og undervisning.

Det vert servert gløgg å varma seg på og julekaker. 

Arrangementet er eit av fleire i rekkja for å skape nytt liv i Borgstova på Vikøy prestegard.  Her kan nemnast faste opningstider i sommarsesongen, besøk for skular, julemoro i desember og på torsdag altså hardingfelekonsert.

Borgstova er  dekorert med kroting på tømrane og interiøret er velkjend gjennom Adolph Tidemand sine målarstykke, "Fra en hardangersk røgstue" og andre. Tidemand si søster, Claudine, var gift med presten, og såleis var Tidemand på besøk i prestegarden ved fleire høve.

Røykstova er frå 1815, og er bygd på tuftene etter ei eldre borgstove.Her kunne kyrkjefolket ta inn med dåpsbarna før gudstenesta, og konfirmantane fekk undervisning her. Borgstova fungerte òg som bustad for presten sin paktar.

Konserten vert gjennomført i samarbeid med konsertscena på Hardanger folkemuseum og Norsk Kulturråd.

Hjarteleg velkomen til ein stemningsfull konsert i særeigne omgjevnader.