I påsken, torsdag 2. april kl 16.00, vert det igjen høve til å
oppleve konsert i den segnomsuste Borgstova i Vikøy.
To lokale hardingfeletalent står for konserten denne gongen.
Kjersti K Vågen og Tuva Vare Vik har spela hardingfele i fleire år
og har begge hatt Knut Hamre som ein av sine læremeistrar. Under
denne konserten vil publikum høyre dei to unge talenta i solospel
og samspel.
Arrangementet er i regi av Hardanger og Voss museum og eit av
fleire for å skapa nytt liv Borgstova.
Billettsal i døra. Pris kr 100 / born gratis.
VELKOMEN!