Det er ei stor glede å ønskje forfattar Einar Økland velkomen
til å presentere Hans E. Kinck (1865 - 1926) i samband med årets
150 års jubileum.
Kinck sin forfatterskap er imponerande i omfang, spennvidde
og kvalitet. Som diktar og essayist henta han emner dels frå norsk
røyndom, dels fra italiensk middelalder, renessanse og tidleg
barokk. Han nådde langt både som romanforfatter (bl.a.
trilogien Sneskavlen brast), dramatiker (t.d.Driftekaren) og
essayist (t.d. Storhedstid, Mange slags kunst). Men
aller størst i ettert tid vert han rangert som som novellist
(t.d. samlingene Flaggermusvinger, Trækfugle, og den
kulturpsykologiske novellen, «Mot ballade»).
Einar Økland er ein av dei mest allsidige forfattarane i norsk
litteratur etter 1945, med ei uvanleg evne til å gå nye vegar. Fram
til 2005 hadde han gitt ut eller redigert om lag 60 bøker i alle
tenkjelege sjangrar for barn, unge og vaksne. Han har gjort mykje
for å viske ut skiljet mellom desse tre aldersgruppene, han har
vore ein av dei store fornyarane i norsk barnelitteratur, og han
har i dei formsikre diktsamlingane sine skapt nye språklege rom for
poesi i opposisjon mot romantisk sentrallyrikk. Sakprosaskriftene
hans er vesentlege bidrag til norsk kulturhistorie, der Økland
syner ei særleg evne til å dokumentere miljø, personar, kunstformer
og skrifter som andre har oversett eller knapt visst om.
Me ser fram til å høyre Økland presentere ulike sider
ved Kinck sin forfattarskap i segnomsuste omgjevnader i
Borgstova.
Øystese og Vikøy bygdekvinnelag står for kafesal;
arrangementet vert gjennomført i samarbeid med Hardingtonar og Kvam
Herad.