Norsk English

Krotedag i Borgstova i Vikøy

Borgstova i Vikøy

16.06.2018 10:00

Hardanger folkemuseum inviterer til krotedag i Borgstova i Vikøy laurdag 16. juni kl.10 - 17. Alle som vil kan vera med å sjå korleis ein krotar, og ein kan få prøva å krota sjølv.

Krot er nemninga på ein type dekor me finn i gamle røykstover. På omfaret under beten vart geometriske mønstre påførd den mørke tømmerstokken. Krot var ein tradisjon i bygningshistoria der kvinner var tradisjonsberarar. Arbeidet vart anten utført av kvinner frå garden, eller av omreisande krotekoner. Det var i lafta stover med open eldstad at krotet vart påførd, og det er i desse stovene me finn det som er att av denne tradisjonen.

I Hardanger er det berre tre unike krotemønstre frå gamle røykstover bevart. I tillegg har ein akvarellar som viser krot på veggane. Skriftlege kjelder fortel at kvinner påførde kritt-velling, ei blanding av kritt og mjølk, i stovene ved jol, jonsok og bryllaup. I Hardanger er krotet geometrisk, og kross dominerer, men me finn og mange av dei gamle symbola som solteikn, valknute og evigheitssymbol. Kroting er ein del av ein vaskeprosess. Kvinnene vaska opp til beten og påførde krot på den nyvaska tømmerveggen. Neste gong dei krota vart veggen vaska på nytt og ny krot påførd.

Tradisjonen med å krota stovene forsvann då ein tok til å setta inn jarnomn som førte røyken ut gjennom pipeløp. Dei tømra stovene vart ikkje lenger sota ned, og meir varig dekor vart påførd veggene, som border med linoljemåling og rosemåling. Med dette skiftet var det mennene som overtok. Dei vart dekor- og rosemålarar. Ei lang kvinnetradisjon med krot i tømra stover frå mellomalder tok brått slutt kring midten av 1800-talet.

Museet har i fleire år undersøkt og prøvd ut denne tradisjonen, og ynskjer å dela dette med eigarar av gamle røykstover og andre interesserte. Anne Lise Brask Eriksen og Johild Mæland ynskjer alle interesserte velkommen til å krota i Borgstova eller til å sjå på arbeidet som vert utført. Det vert sal av kaffi og lappar i Selmerhuset.

Spørsmål kan rettast til:
Anne Lise Brask Eriksen, Hardanger folkemuseum, tlf: 99 29 65 08