Her kunne kyrkjefolket ta
inn med dåpsbarna før gudstenesta, og konfirmantane fekk
undervisning her. Borgstova fungerte òg som bustad for presten sin
paktar.
Stova er dekorert ved
Kroting, og interiøret er velkjend gjennom Adolph Tidemand sine
målarstykke, "Fra en hardangersk røgstue" og andre. Tidemand si
søster, Claudine, var gift med presten, og såleis var Tidemand på
besøk i prestegarden ved fleire høve.