Storeteigen - Øystese

Kvam bygdemuseum, Storeteigen, er eit friluftsmuseum med bygningar frå fleire epokar. Bygningane dannar eit rekkjetun som var ein vanleg tunskipnad på vår kant av landet.

Dei eldste bygningane, smia, stabburet, Vavollstova og Torsteinstova, er flytta til Storeteigen frå andre gardar i Øystese, medan det kvite våningshuset framleis står på sin opprinnelege plass.

Vavollstova er frå 1681. Ho var tidlegare ei årestove, men er no ei røykstove. Har har stått både i Vik og på Vavollen før ho vart flytta til Storeteigen.

Torsteinstova er flytta frå Øystese-garden, ein av dei største gardane i Hardanger i mellomalderen. Sjølve stova er bygd i 1661, bua og loftet er frå 1712.

Fleire bilete

  • Hus frå Storeteigen