Norsk English

Soga om Storeteigen

Bakgrunn husmannsplasser i Hardanger:

På 1800-talet var det husmannsplasser under kvart bruk i Hardanger. Når festetiden var slutt fekk neste generasjon overta eller plassen gjekk inn igjen til hovudbruket. Nokon plasser blei seld til festemannen og fekk eige bruksnummer og blei sjølvstendige bruk.

 

Hovudbruker kunne være leiglendig, men utover på 1700-talet blei dei fleste leiglendingene sjølveigende bønder. Nokre få gardar var bondegods, dvs eigd av bonden som budde på og dreiv bruket, og nokon bønder eigde deler av bruket. Dei fleste av gardane fram til 1700-talet var eigd av til dømes Baroniet eller rike familiar som Nagell-familien i Bergen. Bøndene hadde ofte budd i fleire generasjoner på det same bruket og rekna det som sitt eige sjølv om dei var leiglendingar. Med husmannen var det annleis. Husmannsvesenet vaks fram på slutten av 1700-talet og 1800-talet. Gardane hadde gjennom heile mellomalderen og fram til 1700-talet blitt dela opp i nye bruk. På dette tidspunkt tålte ikkje gardane meir deling så derfor kom denne nydyrkinga av festa jord med husmenn, frå midten av 1700-talet og framover. Dette var eit tid i vår nære fortid då folkeauken var særs stor. I Odda, Ullensvang og Kinsarvik var folkeauken i ei periode på 50 år frå 1815-1875 på 60%. Det same har vore tilfelle i Kvam. Eit resultat av folkeauken vart utflytting og utvandring. Eit anna resultat var husmannsvesenet. Ein husmann eigde ingen jord, han hadde berre sin eigen arbeidskraft. Sjølv om husmannen ikkje eigde jord kunne han likevel betre økonomi enn sjølveigande bønder med små bruk.

I bygningssamlinga til Hardanger og Voss Museum  er det fleire husmannsplasser. Både Storeteigen og Neset på Utne der Hardanger folkemuseum ligg var husmannsplasser som blei sjølveigande bruk. Hardanger folkemuseum har bygningar frå fire ulike plasser, og sjølve plassen Neset er autentisk med stove, løe og naust som står på opphavleg plass. I Agatunet er det ei stove att etter ein husmann, og Granvin bygdemuseum har Løfloten som blei flytta frå Håstabba. Husa på Storeteigen, lemstove og løe står på opphavleg stad akkurat som plassen på Neset på Utne. På Storeteigen er husa samanbygd og er den einaste samanbygde husmannsplass i Hardanger som er autentisk og som står på opphavleg plass frå perioiden då husmannsvesenet vaks fram. Storeteigen er  den einaste samanbygde husmannsplass i Heile Hardanger som er offentlig tilgjengeleg.

Hardanger og Voss Museum har eit særs stort ansvar med å ta vare på bygningshistorien gjennom hussamlinga si og gjere den tilgjengeleg for ålmenta.

Plassen Teigen, første festemann:

Johannes Olavson frå Øystese festa plassen Teigen i 1826. Husmannsplassen var delvis urydd mark og låg under Øvre Vik bruk 3, Lensmanns- eller Oddmundsgarden som Lars Brigtson frå Øystese dreiv. Øvre Vik bruk 3 blei eit sjølveigande bruk i 1762 då Johannes Person frå Jåstad fekk kongeskøyte.

Johannes Olavson som festa plassen Teigen kom frå bruk 19 Øystese, Janagarden. Han var født i 1792 som son nr. 2 i ein barneflokk på 6. Dette bruket var delvis sjølveigande og delvis baronigods. Johannes Olavson gifta seg i 1821 med Synneva Sjursdatter 1798 - 1867 frå bruk 6 på Børve, Håkonsgarden. I 1734 blei dette bruket sjølveigande. Synneva var barn nr. 5 i ein barneflokk på 10. Mor hennar fekk det første barnet når ho var 22 og det siste når ho var 46. Berre 8 av dei vaks opp.

Johannes var alle dagar rekna som ein fattig mann. Det å vere fattig hadde ikkje noko å sei for omdømme. Johannes var opplyst og naut stor tillit hos bygdefolket. Han var lagrettesmann og takst- og vurderingsmann. Han døde i 1870, 78 år gamal. Synneva og Johannes fekk 6 barn, eine guten blei berre 9 år. Dei blei født mellom 1822 og 1837: Kari, Sjur, Gurid, Olav, Fredrik og Johannes.

Synneva og Johannes sette opp hus på Teigen og dyrka den opp. Dei fekk truleg tak i ein eksisterande røykstove sidan stova på Teigen i dag viser ei hoggemåte eldre enn 1826. Røykstova har hatt ope eldstad og vore utan vindauge. I tillegg har dei hatt ei løe. Desse husa har vore nok til at dei kunne klare seg.

 

Neste generasjon og andre festemann på Teigen:

Fredrik Johannesson 1833-1894 nest yngste son er ført opp på Teigen, men har ikkje festa plassen. Han har truleg drevet plassen ein tid med faren. Fredrik gjekk jordbruksskolen på Sandvik i Kvinnherad og vart gardsstyrar hos futen Hvidsten på Hamarhaug. Kring 1860 fekk han ombodet som lensmann i Skånevik. Fredrik gifta seg i 1859 med Ingebjørg Berge frå Skånevik 1835-1918. Dei fekk 6 barn.

Johannes Johannesson 1837-1915, yngste son festa Teigen i 1862 etter faren. Han var lærar og fekk utdanning på Voss. I 1857 blei han lærer i Fyksesund og siden i Øystese. Han fekk også ombodet som vaksinatør, og på sine eldre dager drev han med rosemåling. På plassen hadde han jamleg 2 kyr og 3-4 sauer. Johannes gifta seg med Herborg Hansdotter Klyve 1838-1912. Dei fekk 9 barn, berre 5 vaks opp og 1 døde ung. Borna fekk dei i perioden 1861-1879: Johan, Herborg Olina, Synneva, Hans, Hans, Hans, Kari, Samson og Fredrik.

Johannes kan ha bygga om røykstova til ei lemstove etter 1862. Dette er byggeskikk som kjem i denne tidsperioden når folk begynner å erstatte ope eldstad med jarnomn og pipeløp.

 

Neste generasjon, frå festemann til sjølveigande brukar:

Samson Johannesson 1877-1926, nest yngste son til Johannes og Herborg, kjøpte Teigen i 1900 for 2000 kr, og husmannsplassen blei eit eige bruk. Samson gjekk då frå å vere plassmann til å bli sjølveigande bonde. I tillegg var han møbelsnekkar og treskjerar. Han sette opp verkstad og dreiv handverk med fleire læregutar. Samson gifta seg med Gyrid Geirmundsdotter Vik 1873-1914. Dei fekk 7 barn: Johannes, Gjermund, Fredrik, Inger, Hermann, Herborg og Synneva. Då Gyrid døde 41 år gamal i 1914 var barna frå 2 til 14 år gamle. Faren gifta seg raskt oppatt, noko som var både vanleg og nødvendig. Andre kona var Inger Geirmundsdotter Alvsaker født i 1895. Dei fekk 4 barn saman: Gerhard, Torbjørg, Nils og Kåre.  Samson dør i 1926 frå 4 barn som er mellom 3 og 10 år, og frå barna frå første ekteskap der den yngste er blitt 14 år.

Neste generasjon på det sjøleigande bruket:

Eldste son til Samson og Gyrid, Johannes er født i 1900 og er blitt 26 år. Han overtar bruket og verkstaden samstundes. Han gifter seg i 1926 med Helga H. Stue, 1900-1972. Dei får 1 barn, Gerd som gifter seg til Tolo. Johannes vart utlærd møbelsnikkar og gjekk 2 vintrar på teknisk kveldskole. Han dreiv verkstaden frå 1926 til 1940. Han flytte då til Vikesjøen og dreiv verkstad på Skarpeteigen.

 

Johannes dreiv verkstaden på Storeteigen frå 1926 til 1940. Han er oppført i bygdebok  som busett på i Nedre Vik så det er uvisst kor lenge han budde på Teigen, og om han har utført byggearbeider. Far hans Samson som kjøpte bruket kan ha bygga på huset i sin periode etter 1900. Påbygget på bakside er truleg frå perioden 1900-1926.

Ein epoke er slutt på Teigen då Johannes Samsonson, oldebarn etter første plassmann Johannes Olavson frå Øystese sel bruket og flyttar.

 

Ny brukar:

Bruket blir i 1940 selt til Ola T. Eikelid født 1892 på Eikelid. Eikelid var ein husmannplass under baroniet i Rosendal, festa i 1799. Dette var eit stykke urydda mark under Øystesegarden. Festemannen Jan Janson frå Øystese er skildra slik i bygdebok: han sleit i fattigdom, blei tidleg helselaus og laut få stønad. Då han døde hadde han vore blind i fleire år. Han var født i 1761 og døde i 1845, 84 år gamal. Eikelid blei sjølveigende bruk på 1900-talet då Jørund, bror til Olav Toreson Eikelid løste det inn. Olav var barn nr. 5 i ein søskenflokk på 7. Som på alle andre bruk og plasser var det kun eit barn, som regel eldste son som kunne bli i heimen. Dei andre måtte finne seg anna levebrød. Fleire av syskena drog til Amerika, men Olav blei sjømann. Deretter blei han bilkøyrar i Hordaland vegstell og fekk medalje for pålitande tenest gjennom 25 år. Han eigde Storeteigen frå 1940 til 1966 då han selde til Kvam herad, til frilufts- og museumsformål. Han blei buande nokre år til etter salet på bruket. Olav var ikkje gift. Etter han budde Ola Tolå nokre år på Storeteigen, til slutten av 1970-talet. Etter det har ingen budd i huset, men det har vore nytta til museumsformål.

Olav Eikelid var ungkar og har truleg ikkje utført bygge arbeid på huset. Huset er slik det har vore kring 1926, med mindre justeringar.

Kvam Bygdemuseum: På 1980-talet blei fleire gamle bygningar flytt til Storeteigen og området blei heitande Kvam bygdemuseum.

 

Utne 09.04.2013

Anne Lise Brask Eriksen

bygningsvernkonsulent

 

 

Filer