Stovene på Storeteigen

Det er fleire bygg tilknytt i rekkjetunet på Storeteigen. Bustadhuset og møbelverkstaden er bygd opphaveleg på tunet, men resten er flytte til tunet etter at eigedomen vart regulert til museum.

Torsteinsstova ​  
Torsteinsstova kjem frå Torsteinsbruket på garden Øystese. Her var det eit klyngjetun med seksti hus. Utskiftinga skjedde i 1870-åra. ​Garden var, som mange andre gardar i bygda, bygsla av baroniet i Rosendal. Baroniet eigde 546 bruk i distriktet, mange av dei heilt fram til 1929. Då vart gardane selde til gardbrukarane.​  
Stova er bygd som røykstova i 1661, bu og loft i 1712. Desse to tømra delane er samanbygde med hellelagd sval, kalla ei samanbygd stove. Koven som høyrde til røykstova, var etla til dei eldste på garden; kårfolket. Den store koven er påbygd.

Torstein Larsson Berge (1678-1745) var den særmerkte mannen bruket fekk namn etter. Han vart kalla "Sterke Torstein". Han var god til å bruka både munn og makt. Han hadde tillitsyrke hjå baroniet. Torstein var gift tre gonger. Fyrste kona var enkja på garden, og minst 30 år eldre enn han. Neste kona, Marita, var 23 år eldre, medan Gjertrud Nilsdotter Børve (1700-1787) var 22 år yngre, og no fyrst kom det born. Av dei fire borna, døydde tre av dei før dei vart 20-30 år. ​  
Torsteinsstova vart fyrst flytt til det nye bygdemuseumet på Stoppelsgjerdshaugen i 1914. Her vart det etter kvart trongt om plassen, og stova vart flytta til Storeteigen på 1970-1980- talet. Stova er i dag innreidd som ei stova for velståande folk på 1860-talet.​
Vavollstova​  
Vavollstova ligg ved sida av stabburet, og kjem frå Nilsabruket i klyngjetunet i Øvre Vik. Etter utskiftinga på 1883 vart stova og stabburet flytt til nytt bruk på Vavoll. ​  
Stova er bygd som årestova i 1685 av Lars Hogneson Vik (1634-1697). Stova vart seinare omgjort til røykstova.​ Lars var den største korndyrkaren i bygda, og eigde heile Øvre Vik. Lars kunne skriva og lesa, og det var det få som kunne då. Stova vart såleis bygd og eigd av ein velståande mann for å gjera inntrykk på det andre giftet hans.
Margreta Torlaksdotter (1643-1706) var frå Vikøy, og i slekt med presten der. Ho kom til gards som futenkja frå storgarden på Børve. ​Det særmerkte med stova er at det på tverrveggen mot aust er att krot på eine stokken. Før var det krot rundt heile stova. ​

Kroting er ein dekortradisjon med røter frå mellomalderen. Det var vanleg å dekorera stova når det var fest og høgtid. Stokken, ofte den femte, vart krota nett over hovudet til folk når dei sat til bords. Grunna røyken var stova mykje tilsota øvst oppe. Ofte blanda ein saman kritt og surmjølk og med fingrane laga dei mønster som ein finn att i vevnad og prydsaum. Fargane kunne vera kvit, raud og grøn (sjå bilete).
Siste gong dette var gjort i denne stova, var i 1912. Då vart mønsteret målt over med pensel og måling. Det er nok grunnen til at det framleis kan sjåast.​  På Vavoll vart det etter kvart bygt nytt våningshus. Denne gamle stova vart då brukt som kårstova til dei eldste. Ei stund leigde dei ut det nye huset til velståande feriegjester. Då vart gamlestova gardsfolket sitt sumarhus. ​  
I dag er stova innreidd med ulike gjenstandar frå ulike tidsperiodar og samanhengar. Stova har to kammers. Eldhusdelen med stor grua er framleis brukt som stad for krotekakebaking. Før var eldhuset brukt til både baking, slakting og klevask.​ Krotekaker vart før steikt vår og haust, ofte av omreisande bakstekoner. Krotekaker er tynne, flate brød kjevla fram med krotekjevle. Med sitt spesielle mønster vert kakene steikte i brødomn. Dei er laga av rug, og kan brukast både som flatbrød og som lefsa. Før var det alltid krotekaker på bordet både til frukost og nons.​


Stabburet, smia og haugen​  
Stabburet kjem frå klyngjetunet Øvre Vik, frå Nilsabruket, og seinare flytt til nytt bruk på Vavoll. Det kjem frå same tunet som Vavollstova.​ Stabburet er truleg bygd på 1700-talet. Stabburet er ein enkel bruksbygning med to høder til lagring av mat. Ein hadde korn og mjøl oppe, og salta fisk og kjøt nede. Stabburet var ofte låst, og bygd slik at verken fukt eller mus vart eit problem. Dette er innreia slik stabbur ofte såg ut på midten av 1800-talet.​  
Smia sto fyrst på Havnen, Børve. Då smeden Johannes Skåre fekk dårleg helsa i 1880, flytta han ho til garden Skåre. Som de ser, ligg smia her eit stykkje frå tunet på grunn av eldsfaren. Ljåtynning var den viktigaste grunnen til at mest kvart gardsbruk hadde smie. Før ein fekk slipesteinar, var tynning måten dei kveste ljåane sine på.​ Smia kjem snart tilbake etter nyleg restaurering.​  
På haugen fins det mange gamle eiketre. Haugen er mykje brukt av barnehagane i bygda. Gå opp og sjå den vakre utsikta. Mot søraust ser du breen Folgefonna.​  ​